www.sport-natur.com © • Terje Brekkhus

 

                   

                                       

 

  

 

 

 

I Vossaområdet og Sogn og ikkje minst på heile Vestlandet

er det utruleg mange stadar ein kan leggja dagsturen eller

ein litt lenger tur med eventuell overnatting på turlagshytta

eller i medbrakt telt. I ideelt vær, temperatur og god sovepose

kan ein ta natta ute i det fri.

 

Mange vegar og stiar ein kan nytta sykkel til å oppdaga store

nye områder på kortare tid. Tid for å ta vårsjekken på "biken"

no?  Klikk på SYKKELRUTER i menyen.

 

For dei som ikkje har GPS-kart på Pc-en kan denne sida vera eit

godt alternativ: Norgesglasset

 

Klikk deg inn og planlegg neste tur. Bildet over viser Grønahorgi i

Bordalsfjella.

 

Her legg eg ut turrapportar og eventuelle bilder med di hjelp.

 

 

FJELLVITREGLANE:

 

1. Legg ikkje ut på langtur utan trening.
2. Meld frå kvar du går.
3. Vis respekt for veret og vermeldingane.
4. Ver rusta mot uver og kulde sjølv på korte turar. Ha alltid med ryggsekk og det utstyret fjellet krev.
5. Lytt til erfarne fjellfolk.
6. Bruk kart og kompass.
7. Gå ikkje ålene.
8. Vend i tide – det er ingen skam å snu.
9. Spar på kreftene og grav deg ned i tide.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

 

 

 

 

Foto: Sport-natur.com

Siplo Skisenter. (Høyanger, Sogn og Fjordane) Brattaste bakken i Norge?

Årlig NC Skialpinisme

 

 

 

 

 

Mms foto.

Tre glade jenter på tur på Kattnakken-Stord. I strålande vèr søndag 7.juni 2009 frå venstre: Tone Lise, Therese og Linn.

 

 

 

 

 

Mms foto: Kåre Finne

Her står Kåre på Trollanut 1514 moh. I bakgrunnen ser ein Vatnahalsen. Han kunne også sjå ned i Aurlandsfjorden ( fjordarm i Sognefjorden).

 

 

 

 

 

Bildet er tatt ovanfor Langesetvatnet - Øyane

Når været er dårleg i høgfjellet kan ein få transport til Bulko og gå derifrå til Skutle.

Fyrst føl du stølsvegen inn til Stuaset - vidare oppover i bratt terreng til Langesetvatnet. IKKJE gå over på usikker is! Du kjem deg forbi i sørenden av vatnet og går nord langs vatnet til Øyane. Der tek du sørvest oppover mot Langtjørn (821 m). Vel oppe tek du nordvestover mot oppsida av Krokatjørni (840 m) og etter litt passerar du også Tjørnabotstjørni (840 m) som ligg øve Håset (780 m). Nordaust for Håset ser du Håsetberget som er 815 m. No er du på sommarstien som fører til Otledalen. No rundar du berre høgdedraget vestover gjennom eit lite skar, litt nord for Vireskaret og nedover er du på sporet til Stølane i Otledalen. Sjå etter skavlar. Ca 16 km. lang skitur. På tungt føre so tek nok turen 4-5 timar i rolig tempo og innlagt lang matpause. GOD TUR! Fleire bilder i Fotogalleriet under vinteraktivitetar.

 

 

 

 

 

 

 

Her ser ein hunden Lady som er på tur på Kongevegen ilag med matmor. Foto tatt og innsendt av S.Dugstad.

 

 

 

 

 

 

 

 

For dei som ynskjer å gå i tradisjonsrike turløyper, så er turløypa med start frå Mjølstølen eit godt alternativ.

Mjølstølen ligg like ovanfor Skutle ved fyste parkeringa. Spenn på skia og gå over brua til venstre. På www.ivoss.no kan du sjå kortid løypa er preparert og sporsett. ( Bildene finn du i full size i fotogalleri)

 

 

Vel halvveis opp i turløypa mot Herresåsen, Otlebogane, Håsethorgi og Grønahorgi kan ein nyta ei fin utsikt mot Horndalsnuten og Skredhovden i framgrunnen.

 

 

Vel oppe på myrane like under otlebogane kan ein enten halde seg i området der, eller gå vidare til fjells i lett stigande terreng, like etter ein kort bratt stigning.

 

 

 

 

 

Gråsidetoppen 1307 moh 21.mars 2009.

 

Til Gråsidetoppen kan ein gå frå ymse utgangspunkt. Enten går ein via Roset ( Voss Il si hytte ovanfor Hjelle ),

Dymbe eller Tillung Skisenter. Ein kan også gå frå hyttefeltet på Sandfjellet.

Tek ein med seg heile turen frå Hodnaberg til Vangen, så vert ruta kvista via Gråsidetoppen og ned igjen på Hindartveit. Hugs å lytt til værmeldingen før du legg i veg opp i fjellområdet. Det er rekna som eit av dei mest værharde i Vossaområdet. Det skiftar utruleg fort frå fint til dårleg vær.  

 

 

 

 

 

 

 

 

 

                           

Ved Åsatjørnane

 

Kort veg til Åsatjørnane ( som tidlegare skrive: Gryvlestjørn.

Det er feil. Gryvlestjørn er i nærleiken til Skredhovden. Kommentar?) både frå Bordalen og Skutle.

Området ligg like ved Fylkesanlegget i Langrenn/Skiskyting.

Og eit "snøballkast ifrå "Turløypa" frå Skutle til Grønahorgi.  

 

 

 

 

Gråsida 6.juli 2008

 

I bakgrunnen ser ein Torfinnshorgi.

Sommaren kom seint , men godt sist år.

 

No ligg Gråsida der snødekt og klar for mange som skal ta turen

øve i påsken. Utferdslaget ( link i meny til oppe til høgre) pleier å ha "kvistetur" før høgtida tek til.

Føret er nok ikkje det aller beste no i byrjinga av Mars, men med

litt kalde netter igjen vert det bra.

 

 

 

 

Skarverennet 2008

 

Skarverennet 2008 vart ei kjempeoppleving med vindstille og strålande

sol frå skyfri himmel. Me var fire stykk frå Voss Cement som tok turen.

Alle i "stressless klassen".

Absolutt å anbefala- men iår er det alt fullt. ( då sparte me litt gnagsårplaster) Les om rennet under Skarverennet i menyen.

 

 

 

 

 

 terje.brekkhus@gmail.com

 

 

 

 

 

 

Turtips»

 

 

Fotogalleri»

 

 

Blogg»

 

 

Voss Utferdslag

 

 

Skarverennet

 

 

Trugelaget