|

Har samla mange aktuelle nettsider som inneheld lokale idrettslag, sykkelklubbar-andre klubbar/foreningar. Og nett-sider/butikkar med friluftsliv-sportsutstyr. Enkelte andre lokale nettstadar er med òg.
"Finn ikkje da eg ser etter" : Sei ifrå om det er ting som manglar, eller du vil ha annleis.
Litt enklare å finna fort fram til det som interesserar ein. Under Lenkjer finn du eit utvalg.
Håper du har glede og nytte av www.sport-natur.com
Du finn den også på ABC Startsiden
Nytt deg gjerne av Fotogalleriet . Der vil det koma nye bilder etterkvart.
Tar gjerne imot bilder .
Pictures Lønahorgi Opp 2009.
134 Bilder frå Veteran NM sykkel Fellesstart Jæren 2009 i Fotogalleri.
Downhill, Bavallen (trening fredag) og Elvepadling Brandsethelva o.a. i Ekstreme Bilder.
Laga til ei side for resultat frå ymse idrettsgreiner. Målet er å få litt bilder der òg. Det er berre å senda inn ilag med eit eventuelt referat, så kjem det på resultat sida.
Tek imot tips på terje.brekkhus@gmail.com og sms (90017425)
Bloggen kan alle lesarar nytta seg av. Treng ikkje vera innlogga for å lesa og kommentera. For brukarar med passord er det enkelt å logga seg inn å publisera det ein skulle ynskja. Kan brukast som eit forum. Send enkel søknad om passord.
Du finn den i menyen oppe til høgre.
Duathlon Voss Ski og-Tursenter 11.april 2010
I samband med Norgescup helg og Horgi Opp arrangerer Vossevangen CK Duathlon med sykkel og ski 11.april 2010.
Les invitasjonen på www.vossevangenck.no
NC Skialpinisme , Høyanger 6.-7.febr.2010
Arrangeres på Siplo.
125 nye Bilder i Ekstreme Bilder. Sport-natur var der!!
Skialpinisme er ein liten ny idrett i Norge, men stor i Mellom Europa.
Det er ein veldig flott idrett som krev si dame og sinn mann.
Du må vera rask, smidig, sterk og med god kondisjon. Gode skieigenskaper er eit must.
Myrkdalen har ei jente i toppen i seniorklassen. Kyrkjebø har eit søskenpar i toppen. All tre er klare for VM 2010.
Tealøpet 6.febr. hadde ca. 20 deltakarar i konkurranseklassen. Rennleiar Jarle Berge var veldig fornøgd med dagen. Søndag er det enten stafett eller teamløp.
Ta turen til Siplo og sjå stor idrett. Det er absolutt plass til fleire i denne flotte idretten. Ein kunne sjå at alle kosa seg. Under Ekstreme Bilder finn du 125 nye bilder tatt idag 6.febr. på Siplo. LINK oppe til høgre eller i Fotogalleri.
Barnas Turlag frå Kyrkjebø hadde skidag med grilling. Nokre bilder der ifrå òg.
Godt linefiske i Høyangerfjorden

Ei Lange på 9 kilo er ikkje å forakte.
Den heldige fiskaren er Rolv Tveit ( www.fluelaksen.net)
Nysnø ved Siplo- Høyanger

Ikkje berre bratte fjell rundt Høyanger i Sogn og Fjordane.
Bratt opp er det til Siplo Skisenter.
Fluefiske noe for deg?

Sjekk nettsida www.fluelaksen.net
Her kan du kjøpe fluer som to kamerater frå Høyanger binder.
Bildet viser elva i Høyanger. Link også til sida under Lenkjer (nokre gode handlestader) i menyen.
Vossevangen CK arrangerar Treningstempo 9.sept. 2009 og Klubbmeisterskap 10.okt. 2009
Treningstempo går 9.sept.
Den 10.oktober held dei klubbmeisterskap. Les meir på www.vossevangenck.noFerske bilder frå treningstempoen. Du finn 32 bilder i Fotogalleriet.
Stalheimskleiva Opp, 29.august 2009
Kristen Skjeldal raskast opp.
Nordisk veteranmeisterskap sykkel Danmark

Ingeborg Tveit tok bilder under Nordisk veteranmeisterskap
Sykkel i Danmark tidlegare i sommar. Bildet viser frå venstre:
Nils Een, Bjarte Vethe og Asbjørn Tveit.
21 bilder i Fotogalleri.
Gråsida 13.august 2009- utsetjing av fiskeyngel

Bildet viser utsetjing i Langatjørni.
Torsdagskvelden for ein gjeng med trallebanen opp frå
Hodnaberg for å setja ut fiskeyngel i div. vatn på Gråsida.
I Fotogalleri er det 10 bilder frå turen. Link oppe til høgre.
Havsportveka, Austrheim 12.-16.august 2009
Norseman Xtreme Triathlon, 8.august 2009
To vossingar med. Preben Ukvitne og Bjørn Senderud
Eidfjord Minitriathlon, 7.august 2009
Fisketur i Ytre Gulen

I Ytre Gulen har ein mange muligheiter til sjøliv.
Fiske frå Båt/kajakk og kano for den del. For den som driv med
dykking, så er det eit eldorado. Å padle kajakk i smale sund og mellom
stort antall lave holmar og skjær må berre opplevast.
18 nye bilder i Fotogalleri under Turbilder.
Ettermiddagstur til Storavatnet
Flott tur med Hans til Storavatnet. Me gjekk heilt frå Nyestølen
ved bilvegen til Rong, opp til Kulset og vidare til Storavatnet.
Kom ikkje heilt bort til hytta grunna "stygg" snøfonn mellom
Storavasstjørni og Storavatnet. I turbilder er det 35 bilder.
I fjellsko til Kuslafjøra
Varmt i fjellet idag, men ein sval bris gjorde turen perfekt.
Mykje snø igjen i høgare parti. Gjekk opp frå Hodnaberg om
Torfinnsheimen til partia ved Kuslafjøra/Godeplasseggi.
Ca 26 nye bilder i turbilder i Fotogalleri. (siste album/side 4.)
Trykk her.
Kvasshovden Opp, Powerade NC, Ulvik 18.juli 2009
Løypa har vore merka lenge.
Motbakkeløp i Ulvik. også Norgescup og Politiker NM. Alle som fullfører mosjonsklassen er med på uttrekning av ein ny sykkel frå Sport 1.
Ifjor deltok 367 stk. Derav 80 i konkurranse og 20 i Politiker NM.
NM Rulleski, Vik i Sogn 18.-20. september 2009
Sommar NM på rulleski er lagt til Vik i Sogn. Alle Skiskyttarstjernene kjem. Også FRIKAR og Alexander Rybak har meldt sin adkomst.
NM Roing, VOSS 12.-13.september 2009.
NM Roing 2009 vert arrangert på Voss. Årleg er det Norgescup regatta på Vangsvatnet, Voss. Olaf Tufte har vore og kjem til Voss for å konkurrera. Han er også ein habil langrennsløpar, med sterke resultat i mellom anna Vasaloppet.
Sjå heimesida hans. Interresert i roing? Les her.
Stalheimskleiva Opp, laurdag 29.august 2009 kl. 16.30
2000 m - stigning 280 m.
Sognefjorden Swim Festival 7.-9.august 2009
Kvasshovden Opp, Powerade NC, Ulvik 18.juli 2009
Motbakkeløp i Powerade Norgescup.
Ottanosi Duathlon, Hålandsdalen 5.juli 2009
Sykkel og løping.
Vidasete Opp, Feios 5.juli 2009
Vossingar med. Ein av dei var Einar Bystøl som sprang på 41.00. Sjå resultatsida.
Åpent KM i Rulleski-langrenn , Holdhus 26.juni 2009
Hålandsdalen IL inviterar til Åpnet KM i rulleski på Holdhus rulleskianlegg.
Påmeldingsfrist fredag 24.juni kl.19.00. Invitasjonen finn du her.
Ekstremsportveko, Voss 21.-28.juni 2009

VEKO hadde sin siste konkurransedag lørdag.
Aldri før har ein nok ikkje hatt eit slikt "tropevær" under Veko.
Downhill i Bavallen. Bilder frå trening fredag.
Sjå 315 bilder i Ekstreme Bilder ( 6 album med forskjellige greiner ).
Link oppe i høgremeny.
Video frå Brandsethelva 2006.
Følg med på www.sport-natur.com
2-dagers HOK-rankingløp i Myrkdalen, 20.-21. juni 2009
EM friidrett Lag, Fana stadion 20-21.juni 2009
Lønahorgi Opp 20.juni 2009, uttakingsløp til EM i motbakkeløp.

Vinnaren Henry Kiplagat frå Kenya.
Bakkeløp og trimtur for heile familien i NM løypa til 2010.
Kr. 5000,- til raskaste kvinne og mann. 2.premie: kr. 2500,- og kr. 1500,- til 3.plass. Jenter og Gutar opp til 17 år sprang ei løype på 6 km. frå Bavallstunet. 40 i trimklasse - 130 totalt. Resultat
Kvasshovden Opp i Ulvik hadde 250 trimmarar til fjells ifjor. Den bør vossingane slå lett! Eller?
Fantastisk oppleving å få sjå dei fire lettbeinte løparane frå Kenya i fyrste utgåva av Lønahorgi Opp. Utruleg STOR idrett!! ( Det er 88 bilder i Album Lønahorgi Opp 2009 i Fotogalleri ) An album of 88 picturers here.
Det var ingen som kunne hamla opp med dei fire.
Utruleg innsats av alle i trimklasse og for ikkje å gløyma alle andre i konkurranse klassane. Link for resultat oppe på sida.
Vossagampen O-løp, Stuaset Bulko, 14.juni 2009
Voss Cup, fotballfest for dei små. 12.-14.juni 2009
Norsk Syklefestival, Lærdal, Sogndal og Årdal
10.-14.juni 2009

Internasjonalt sykkelritt som inngår i NC (Kalascup).
Berre ca.75 min. køyring frå Voss sentrum kan du sjå stor sykkelsport på høgtnivå. Lokale deltakarar er Johnny Gjerald, Vossevangen CK og Bjarte Vethe, CK Victoria, begge frå Voss. Ellers deltar Fana Sykkel med lag.
Vidar Mehl, Lillehammer CK - tidlegare Vossevangen CK frå Omvikdalen deltar også. Lag frå Tyskland, Nederland ,Estland og Latvia er med å dominera, sjølv om Lillehammer CK tok seieren i Gaterittet i Sogndal torsdag 11.juni.
Meir info her. BILDER FRÅ LÆRDAL GRAND PRIX I FOTOGALLERI.
Vossameisterskap friidrett 11.juni 2009
Start kl.17.30 - påmelding innan kl.17.20.
Treningsløp i O-gruppa Voss IL, Bømoen 10.juni
Løpet vert mellom kl.18.00 og 19.00.
VOSS OPPTURAR, motbakkeløp 7.juni-20.juni-29.aug.-3.oktober 2009.
Voss Oppturar startar med Hanguren Opp 7.juni. Deretter held ein fram med Lønahorgi Opp ( NM trasè 2010 ) 20.juni. Stalheimskleivi Opp vert arrangert 29.august og endeleg Hangurslia Opp ( 17.gong ) 3.oktober.
Jentetur/fjelltur på Kattnakken 7.juni 2009
Sjå Turtips -link øverst på sida.
Bergen-Voss 6.juni og Hanguren Opp 7.juni
98 Bilder frå BV og 24 bilder frå BV 3 og 75 Bilder frå Hanguren
Opp i Fotogalleri under turbilder.

Bildet er tatt like etter Mølster på ca.200 moh. i Hanguren Opp 2009.
Bømoløpet 2.juni 2009
Kristen Skjeldal og Hilde Fenne vinnarar av årets utgåva av det tradisjonsrike Bømoløpet. Resultatlink øverst på sida.
Ulriken Opp, Bergen 30.mai 2009
Treningsstemne friidrett Voss Idrettsplass 28.mai 2009
Stemne start kl. 17.30 og Løp start kl.18.00.
Vossasvint`n, Prestegardsmoen, Voss, 27.mai 2009
Mosjonsløp for jenter i alle aldrar. Det blir sikkert 400-500 andre med òg, so sleng deg med! Leserbidrag i bt.no 2008.

Regnfull Vossasvint 27.mai 2009. Fleire bilder i albumet
Sommaraktivitetar i Fotogalleri. Link oppe til høgre på sida.
Bulken Turmarsjlag på tur 26.mai 2009
Heile 17 ivrige sjeler møtte til turmarsj på Tvildemoen.
Imponerande i det regnvèret. Les meir og sjå bilder på heimesida.
Jarle Trå på Everest 2009

Jarle Trå på Cho Oyo i 2004. Hans fyrste 8000 metring.
www.sport-natur.com 31.mai kl.08.45:
Det vart oppretta kontakt med Jarle Trå 25.mai kl.04.55 i ABC
(6200 moh. ) Dette i fylgje heimesida hans. Også NRK-radio opplyste kl.06.30 at Jarle hadde meldt seg .
Tilstanden hans var ikkje så god som fyrst meldt.
www.jarletraa.no
NRK kunne meddela søndag 31.mai at Jarle er komen til Bergen og Haukeland Sykehus.
7 Fjellsturen, Bergen 24.mai 2009
NM Stafetter, Strandebarm Idrettsp., 23.-24.mai
Ikkje langt til Strandebarm i Kvam kommune. Ta turen og opplev flott idrett.
Sognefjellet Duatlon, 23.mai 2009
1.pr Kvinne/Herreklassen: Kr.10000,-
Gamalostfestivalen, Vik 22.-24.mai 2009
Laurdagen er det vanlegvis Vikjajaget. Meir info seinare.
Enno snø i fjellet 21.mai 2009

Rapport frå Kåre Finne på Torfinnshorgi 1343 moh.
Flott skitur på bra føre på Gråsida 21.mai 2009. Han skulle vidare om Gråsidetoppen 1307 moh. På veg opp til Gråsida ved Fiskatjørn fekk han sjå ein flokk reinsdyr. Den talde omlag 25 dyr. Då er det verdt tungt terreng i byrjinga.
Området ligg ikkje langt frå Voss sentrum, så turen er absolutt å anbefala.
Arild Een, Ørnar IL vinnar av Storehaugen Opp 2009
Totalvinnar av det fyrste motbakkeløpet i Lærdal 21.mai, vart Arild Een ifrå Ørnar IL.
Han starta i M senior 23-34. Sjå på resultatsida. Link oppe.
Tinestafetten / Treningsstemne, Voss Idrettspl.,14.mai 2009
Tinestafetten startar kl.12.30, medan Treningsstemne tar til kl.18.00.
Tinestafetten, Heile landet 14. mai 2009

Ny deltakar rekord på Voss Idrettsplass med 70 lag frå 17 skular.
Deltakarliste Resultat kjem på resultatsida. Link oppe på denne sida.
Tinestafetten vart gjennomført av nærare 100 000 skuleelvar frå 6.-9.klasse idag 14.mai 2009. Det var over 230 arrangement rundt omkring i landet. Alle hadde ein gøyal dag med fokus på rørsle og sunt kosthold i verdens største stafett.
Ikkje berre i Norge. Estland hadde 8000 deltakarar.
Sartor stemna, Sotra 9.mai 2009
Løvstakkstevne, skyting 8.mai 2009
Mats Byrkje Mjånes ,Voss Skyttarlag vann kl.ER med summen 350!
Dermed har Voss Skyttarlag fått ny medlem i 350 klubben.
Voss Skyttarlag si heimeside : http://voss.skytterlag.no/
Voss Skyttarlag har fått ny medlem i 350 klubben

Foto: Vidar Mjånes
Mats Byrkje Mjånes vann 100m kl. ER i Løvstakkstevne 8.mai 2009.
Han oppnådde summen 350!
Dermed har Voss Skyttarlag fått ny medlem i350 klubben!
Resultat finn du på resultat sida. Link oppe på sida.
Sartor stevne gjekk 9.mai. Leif Malvin Hjelmevoll skaut bra.
Bergen Swim festival, 8.-10.mai 2009
Symjinga`s Bislett games.
Terrengløp Prestegardsmoen, Voss 30/4 og 7.mai 2009
Kvar vår pleier Voss IL friidrett arrangera terrengløp i Prestegardsmoen på Voss.
Kven som deltok og presterte finn du på resultatsida. Link oppe på denne sida.
Stolzekleiven Opp fulltegna på 3 min.
Det populære motbakkeløpet Stolzekleiven Opp vart fulltegna på 3 min. Dei tok imot 3000 påmeldte. Innan 7 dagar må dei betala, så det er håp for andre å koma med. Les meir på bt.no.
Vossevangen CK hadde Tempotest 7.mai 2009
På Sætre ved sørsida av Vangsvatnet har sykkelmiljøet på Voss ei tempoløype på ca. 10km. Det er 5 km fram og tilbake. Den vert brukt fleire gonger i året. Andre stader i bygda har dei også løyper med ymse lengder. Nokre bruker temposykkel, medan dei fleste syklar med sin vanlege landevegssykkel. Sjå bilder frå torsdag 7.mai her.Resultat på resultatsida.
Opptur for 8.klassingar i Voss Kommune 6.mai 2009
Den Norske Turistforening inviterar alle 8.klassingar ut på tur 6.mai. Det starta i 2006. Ifjor var det rekord med 17000 i heile landet og 4000 berre i Hordaland.
Vossingane skal til Hanguren. Både funksjonsfriske og -hemma vert med. Alle får ein premie frå Bergans.
Joggekarusellen våren 2009
Il Viljar arrangerar i Bømoen
Turrittet 6 Vatn`s Runden, Voss 3.mai 2009
Johnny Gjerald, Vossevangen CK fyrst øve mål i 2009 utgåva av 6 Vatn`s Runden.
I Fotogalleriet finn du 23 nye bilder frå rittet. Sjå også pressemelding frå www.sport-natur.com til Syklingens Verden.
På bruhuset.com har Olav Stenrud tatt bilder. Sjå dei her.
Skarverennet 25.april 2009

Fantastiske forhold på Skarverennet 2009!Det var nesten som ein draum å gå 38 km frå Finse til Ustaoset i strålande sol. Berre blide fjes å sjå. Stor stemning med servering og levande musikk i målområdet på Ustaoset. Tor HalvorBjørnstad med sterk prestasjon i årets renn med sin 4 .plass. Sjå resultatsida.
I Fotogalleri er det nytt album med 37 bilder frå rennet. Åtte nærbilder av dei beste i Eliteklassen. Du finn linken oppe til høgre.
Isfisketur Hardangervidda

Frå fredag 17.- laurdag 18.april var eg med Arne Iversen på isfiske tur i strålande vær. Sjå nytt album i Fotogalleri.
Horgi Opp 18.april 2009, Voss
Bendit Liatoppen skiskyttarfestival 17-19. april 2009
På tokt med Statsraad Lehmkuhl

Therese på 5 dagars tokt til Orknøyane ved Skottland. Eit mannskap på tjue pluss 160 stk. frå Høgskulen på Stord. Dei la frå kai på Stord ca. kl.19.00 ikveld tirsdag 14.april. Vaktene er 4 timar på og åtte timar av.
Les om den 258 fots lange barken frå 1914 her.
Ferske bilder i turbilder i Fotogalleri.

Minnerennet 2009
Gro Marit vann klassen K-senior.Fleire resultat på resultatsida.
Fin avslutning på Påsken

Køyrde ut av skoddehavet og opp i sola på Hodnaberg. So gjekk skituren via Torfinnsheimen, over vatnet, opp ved Grøno, vidare til Timaglaset og liene øve Store Torfinnsdalsvatnet. Etter ei rast der, gjekk eg opp baksida til Torfinnshorgi, skrei ned mot Gråsida og gjekk opp til Gråsidetoppen. Mykje folk i fjellet. Skrei ned til Dymbe. Kom heim og skifta til sykkelkle og sykla til Hodnaberg for å henta bilen. Møtte Hermann Skjeldal og han snudde. Sykla vidare til "osen". Middagen smakte ekstra godt 2.påskedag.
Bildet viser Torfinnshorgi. Fleire bilder i Fotogalleri (Tur over Gråsida).
Norsk Folkehjelp:
Fjellvitreglar for moderne folk har Norsk Folkehjelp sett opp.
Dei anbefalar folk å bruke refleks i påskefjellet. Les kvifor.
Bakgrunnen for Fjellvettreglane frå 1967 er at det var ei påskehelg med mange ulykker, der 18 mennesker omkom. Det er Norges Røde Kors og Den Norske Tursistforening som ilag har diktert dei. Les dei her.
Løkjane/Grungane

Liten tur i Bordalsfjella idag påskeafta. Snøen går i oppløysing høgt til fjells.
Elvane opnar seg. Ferske bilder i Fotogalleri under Vinteraktivitetar.
På Trollanut

Kåre på skitur langfredag. Sjå meir under turtips.
Skitur under 1000 m.
Grunna litt dårleg vær i fjellet Skjærtorsdag, så gjekk skituren frå Bulko til Skutle. Under 800 m var det blautt. Bilder i Fotogalleriet (vinteraktivitetar).
Meir detaljar under Turtips.
Gjerde Invitational 4.april 2009
Klaus Finne like før Christoffer Gjerde i finalen. Les meir på resultatsida.
Horgi Opp 18. April 2009, Voss
Påmeldingen har åpna. Klikk her.
Skitur over Gråsida
Strålande tur over Gråsida Palmelaurdag 4-april 2009
Bilder i fotogalleri under turbilder. Referat i bloggen. R
Kvasirsøk på Gråsida.
NC-finale Hopp, 4.april, Bavallen
Ulvikasprinten-KM Sprintstafett 4.april 2009
NM Skiskyting 1.-5.april 2009, Lillehammer, Vingrom IL
Normalprogram 1.april: Thomas Fenne, Voss på 25.plass.
Bente Himle, Voss nr. 13, Jorunn Dugstad nr. 23 og Renate Salbu, Voss
nr. 29. Øvrige resultat finn du på resultatsida.
Handball kvinner 4.div. 2009
Voss slo Askøy2 40-19 i siste seriekamp idag søndag 29.mars.
Dermed vart det direkte opprykk til 3.divisjon. GRATULERAR!
Les referat frå kampen på resultatsida.
NM på SKI og Finale Spar Cup 27.-29.mars, Røros
Siste og 2 del av NM på ski går i Bergstaden Røros, der også finalen i Spar Cup
inngår i arrangementet. Klikk deg inn på LIVE sending her.
Tor Halvor Bjørnstad på fin 4.plass i 50 km. fri. Sjå resultat.
NM Kombinert 28.mars, Raufoss
NM Hopp, normal bakke 28.mars, Raufoss
Veteran NM Alpint 26.-28.mars, Voss
På ski til Grønahorgi

Trongt om plassen på Grønahorgi idag laurdag 28.mars 2009.
Trafikken var stor oppover liene i finevèret.
Kvasirsøk på Grønahorgi.
Handball kvinner 4.div. 2009
Voss Hk spelte siste seriekamp søndag 22.mars kl 15.50 i Voss Idrettshall.
Det kan verta opprykk til 3.div. Laget er i alle fall klar for kvalifisering.
Arr: Voss HK
Voss vann kampen. Klikk deg inn på resultatsida for referat og resultat.
Håndball i Barcelona?
29.mars spelar Voss sine kvinner mot Askøy 2 på bortebane.
Voss vann 40-19. Les referat på resultatsida.
Statkraft Young Star, Trondheim 21.mars 2009
Hilde Fenne, Voss Ssl vinnar av kvinneklassen!
Turid Salbu også Voss kom inn til ein flott 16. plass
I Klasse menn kom Sondre Elvebakk, Voss Ssl inn til ein bra 15.plass.
Klikk på resultat linken øverst for fullstendig liste.
Ørnarstafetten 21.mars 2009
Il Eldar KM meister i M senior kan Johnny Gjerald informera om.
Han gjekk eine etappen. På resultatsida vil du kunna lesa meir.
Vinterveko, Voss 19-22.mars

Odd Ivar Medhus, Røldal IL klar vinnar i Herresåsen Rundt 2009.
I Fotogalleriet er det 38 bilder i albumet Herresåsen Rundt 2009.
Klikk deg inn oppe til høgre. Under Resultat er den offisielle lista
kome. På resultatsida kan du også lesa om kva inntrykk rennleiar
Odd Erik Songve sit igjen med.

arkivfoto
Sjur Røthe (bildet) kom ikkje imål på 5 mila i WC Trondheim
idag 14.mars 2009. Chris Andrè Jespersen fekk ein 31.plass.
Tidene finn du under Resultat.
Herresåsen Rundt søndag 15.mars 2009.
Klikk deg inn på Resultat for meir info.

Herresåsen 1997
Hovedlandsrennet alpint 2009, Bjorli
NM ALPINT Oppdal 15.-22. mars 2009
NC Finale jr-NC senior Folldal
Skiskyting 13-15-mars 2009
Tippeligastart Lørdag 14.mars 2009
terje.brekkhus@gmail.com
www.sport-natur.com © • Terje Brekkhus
|